RT Audun Hugleikson vart skipa 26.09.2009

Seglet for tempelet er laga ut frå skisser av Audun Hugleikson sitt segl. Han var frå Ålhus i Jølster, og var rekna for den mest lovkunnige mannen på den tida då Magnus Lagabøte laga landslov for Noreg. Det er ein rekonstruksjon som Selja Forlag fekk laga i samband med utgjevinga av boka om mannen. Han fekk det i gåve frå den skotske kongen på 1200-talet. Seglet er tilpassa ordenen ved triangelet i midten. Det symboliserer vern om den enkelte, familien og fedrelandet. Tempelet vil arbeide for sanning, kjærleik, reinleik og truskap.


Eit heilt eineståande bilete frå eit møte i RT Audun Hugleikson i 2009

Alle 12 gradar var til stades i møtet!


 

En liten historie til ettertanke


FØRDEHELGA 12. - 14. JUNI 2020 

i år for 25. gong.

For dei som kjem fredag, vert det kveldsetesamling med Stor Meister, samtale og kveldsmåltid på Sunnfjord Folkehøgskule. Skulen har rom av ulik storleik og standard til rimelege prisar.

Tinging til skulen (Adr. Solvang 3, 6810 Førde) i kontortida: Kontoret tlf.: 57829960, Øystein (husvert) tlf.: 47395888. E-post: oystein@sunnfjord.fhs.no

KG- møte i Ordens - lokala laurdag kl. 12.00.

På skulen vert det ope møte ved Tempel Byggarane. der også lærlingar og brør med IG er velkomne.

Middag, med påfylgjande festrogram i lokala til Folkehøgskulen.

Sundag gudsteneste i Førde kyrkje.

Matservering for heimreise vert difor på Folkehøgskulen (omlag1 km veg). Om nokon vil få med seg fleire opplevingar, er nærliggjande Jølster kjend for sitt Eikaas-galleri og Astruptunet. Det er heller ikkje langt til Bremuseet og Bokbyen i Fjærland. Nesten nytt, er Gondolbana i turistbygda Loen i Nordfjord. Folkehøgskulen er "Vandreheim" sommartid.

I Nordfjord: Innvik Fjordhotell Misjonsheimen.

Gjev melding, gjerne samla for Templet ditt, til sekretær i RT Audun Hugleikson om deltaking ved KG - møte (brormåltid) og festmiddag laurdag.

VEL MØTT TIL JUBILEUM, KVEIK OG NY GIV !

Johannes Nedrebø (M)   Jan Høisæther (S)

 

Prisar 2020

Overnatting fredag til søndag, forkost lørdag og søndag:

1 sengsrom utan privat bad NOK 770
1 sengsrom med privat bad NOK 1115
2 sengsrom utan privat bad NOK 1090
2 sengsrom med privat bad NOK 1600
4 sengsrom med privat bad. Normalt / Stort:  NOK 1890 / 2130

Overnatting lørdag til søndag, frokost søndag:

1 sengsrom utan privat bad NOK 420
1 sengsrom med privat bad NOK 650
2 sengsrom utan privat bad NOK 635
2 sengsrom med privat bad NOK 880
4 sengsrom med privat bad. Normalt / Stort:  NOK 1240 / 1360

Prisane er pris pr. rom, med frukost, sengetøy og handduk.

Ekstra kvelds på fredag kr. 90 pr. person.

Alt ovanfor gjer de opp med kontoret på Folkehøgskulen.

 

For ordensmøtemåltid (TRO og TBO), festmiddag, festkveld med servering NOK 500 pr. person. Kontant betaling til SKM Kåre Vereide i pausen før eller etter festmiddagen.

Betasuppe på søndag kl. 13.00 etter gudstenesta - inkludert brød, flatbrød, vatn og kaffe - NOK 150 som betalast kontant under bordsetet.
Denne matserveringa før heimreisa, vert på Folkehøgskulen.